Premature barn, foreldreskap og meistring
Hei, mitt namn er Kristine Wergeland og eg er student ved høskulen i Volda.
Eg held på med ein studie med tema som omhandlar tilrettelegging i barnehage for premature barn med «usynlege» seinfølger, der eg ynskjer å belyse samarbeidet mellom foreldre og barnehage.
Eg er no på leit etter informantar til studien min.
Eg ynskjer å komme i kontakt med deg som har:
- Eit born født mellom svangerskapsveke 29 – 37. (meget -moderat for tidleg født)
- Barnets alder i dag er 4-6 år. (fortsatt barnehagebarn)
- Identifisert minimum 1. seinfølge hjå barnet (det kan vere konsentrasjonsvanskar, adferdsvanskar, lærevanskar, engstelse, hyperaktivitet, passivitet, sosiale vansker, motoriske vansker, og liknande).
- Barnet har behov for tilrettelegging eller særlege tiltak i barnehagekvardagen
- Barnet har ikkje ein diagnostisert fysisk funksjonsnedsettelse som t.d. celebral parese, blind, døv ect.
- Foreldre som ynskjer å delta må også vere villige til at barnehagen til barnet deira kan delta i studien.
Dersom du trur at du er i målgruppa for denne studien og du kan tenkje deg å delta ved å stille opp til eit intervju (varigheit ca. 1-1,5 time), eller du har spørsmål knytt til studien, så ta kontakt med meg på telefon eller mail. Du binder deg ikkje til noko, og du kan trekkje deg utan å grunngje kvifor.
Telfonnr: 90896016
Email: kristiwe@stud.hivolda.no